Eit statleg program for butikkutvikling

Reåpning Coop Fevåg  1.jpg

REOPNING: Coop-butikken på Fevåg i Sør-Trøndelag opnar igjen etter ei omfattande modernisering, gjennomført med god støtte frå Merkur-programmet. 

Merkur-programmet er Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt verktøy for å utvikle butikkar i utkantstrøk. Departementet ser at det er behov for å ruste opp dei mest marginale daglegvarebutikkane for å sikre tenestetilbodet i distriktet.

- Målet er å sikre innbyggarane i distrikta tilgang til ein nærliggande daglegvarebutikk med god kvalitet. Programmet arbeider for at dagligvarebutikkane kan få tilleggstenester som aukar lønsemda i butikken og som gir innbyggarane i lokalsamfunnet betre tenester. Programmet skal også vere med på å auke forståelsen i lokalsamfunnet for daglegvarebutikkens rolle og betyding, seier departementet.

Etablert i 1995

Merkur (Merkantilt kompetanseprogram for utkantbutikkane i regionane ) vart etablert i 1995, som ei vidareføring av tidlegare støtteordningar for daglegvarehandel i utkantstrøk. Fram til årsskiftet 1997/98 var programmet finansiert over Nærings- og handelsdepartementet sitt budsjett. Frå 1998 vart dette ansvaret overført til Kommunal- og moderniseringsdepartementet og inngår no som ein del av det arbeidet for å bygge opp under levande og attraktive lokalsamfunn. Programmet har i alle år hatt tverrpolitisk støtte i Stortinget.

I 2008 vart det i samarbeid med Bokhandlerforeningen etablert eit eige kompetanseprogram for bokhandlar i distriktet, Merkur Bok. Dette er eit tilbod om kompetansebygging og nettverksarbeid for å styrke grunnlaget for lønsam drift av små bokhandlar i kommunesenter og småbyar i distrikts-Norge. Så langt har 70 bokhandlar deltatt i programmet.

I 2010 vart det etablert ei ordning for utviklings- og investeringstøtte til daglegvarebutikkar, for å modernisere og styrke butikkane. I 2012 vart det også etablert ei ordning med investeringsstøtte for drivstoffanlegg, for å sikre tilgang på drivstoff i distrikta. I 2017 kom ei ordning med driftsstøtte til dei aller minste butikkane, som betaling for den service desse butikkane gir lokalsamfunnet (servicestøtte).

Støtte til investeringar

Merkur-programmet forvaltar den statlege investeringstøtte-ordninga for distriktsbutikkar på vegne av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. I 2018 har støtteordninga ei ramme på 39 millionar kroner. Det meste av midlane blir tildelt som investeringstilskot til dei minste og mest perifere daglegvarebutikkane. Mykje av pengane har gått til kjøl og frys, nye dataløysingar, modernisering eller bygningsmessige investeringar. I tillegg kjem støtte til drivstoff-anlegg og utbygging av møteplassar/kafétilbod. Dei aller minste butikkane kan få servicetilskot, medan bokhandlane kan få støtte til utviklingstiltak.

Totalt sett har Merkur i 2018 eit budsjett på 48,3 mill. kroner til kompetanseprogrammet og tilskotsordningane, eksklusive midlar til forvaltning og administrasjon. Budsjettet vart auka med 10 millionar kroner som følgje av budsjettforliket mellom dei borgarlege partia.

Fakta om Merkur-programmet

  • Merkur-programmet er Kommunal- og moderniseringsdepartementets program for å utvikle og styrke butikkar i distrikts-Norge.
  • Målet er å sikre folk i distriktet tilgang til ein nærliggande daglegvarebutikk og bokhandel med god kvalitet.
  • Merkur har 10 konsulentar som gir kjøpmenn opplæring og rådgjeving.
  • Merkur arbeider for at butikkane skal få tilleggstenester som aukar lønsemda og gir innbyggarane i lokalsamfunnet betre tenester.
  • Merkur gir økonomisk støtte til viktige investeringar knytt til daglegvarebutikk og drivstoff-anlegg. Budsjettramma for 2018 låg på 39 millionar kroner.