Eit statleg program for butikkutvikling

Reåpning Coop Fevåg  1.jpg

REOPNING: Coop-butikken på Fevåg i Sør-Trøndelag opnar igjen etter ei omfattande modernisering, gjennomført med god støtte frå Merkur-programmet. 

Merkur-programmet er Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt verktøy for å utvikle butikkar i utkantstrøk. Departementet ser at det er behov for å ruste opp dei mest marginale daglegvarebutikkane for å sikre tenestetilbodet i distriktet.

- Målet er å sikre innbyggarane i distrikta tilgang til ein nærliggande daglegvarebutikk med god kvalitet. Programmet arbeider for at dagligvarebutikkane kan få tilleggstenester som aukar lønsemda i butikken og som gir innbyggarane i lokalsamfunnet betre tenester. Programmet skal også vere med på å auke forståelsen i lokalsamfunnet for daglegvarebutikkens rolle og betyding, seier departementet.

Etablert i 1995

Merkur (Merkantilt kompetanseprogram for utkantbutikkane i regionane ) vart etablert i 1995, som ei vidareføring av tidlegare støtteordningar for daglegvarehandel i utkantstrøk. Fram til årsskiftet 1997/98 var programmet finansiert over Nærings- og handelsdepartementet sitt budsjett. Frå 1998 vart dette ansvaret overført til Kommunal- og moderniseringsdepartementet og inngår no som ein del av det arbeidet for å bygge opp under levande og attraktive lokalsamfunn. Programmet har i alle år hatt tverrpolitisk støtte i Stortinget.

I 2008 vart det i samarbeid med Bokhandlerforeningen etablert eit eige kompetanseprogram for bokhandlar i distriktet, Merkur Bok. Dette er eit tilbod om kompetansebygging og nettverksarbeid for å styrke grunnlaget for lønsam drift av små bokhandlar i kommunesenter og småbyar i distrikts-Norge. Så langt har 70 bokhandlar deltatt i programmet.

Støtte til investeringar

I 2010 vart det etablert ei ordning for utviklings- og investeringstøtte til daglegvarebutikkar, for å modernisere og styrke butikkane. I 2012 vart det også etablert ei ordning med investeringsstøtte for drivstoffanlegg, for å sikre tilgang på drivstoff i distrikta. I 2017 kom ei ordning med driftsstøtte til dei aller minste butikkane, som betaling for den service desse butikkane gir lokalsamfunnet (servicestøtte).

Merkur-programmet forvaltar den statlege investeringstøtte-ordninga for distriktsbutikkar på vegne av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Det meste av midlane blir tildelt som investeringstilskot til dei minste og mest perifere daglegvarebutikkane. Mykje av pengane har gått til kjøl og frys, nye dataløysingar, modernisering eller bygningsmessige investeringar. I tillegg kjem støtte til drivstoffanlegg og utbygging av møteplassar/kafétilbod. Dei aller minste butikkane kan få servicetilskot, medan bokhandlane kan få støtte til utviklingstiltak.

Del av Distriktssenteret

Totalt sett har Merkur i 20198 eit budsjett på knapt 60 mill. kroner til kompetanseprogrammet og tilskotsordningane, eksklusive midlar til forvaltning og administrasjon. Budsjettet har blitt auka med totalt 20 mill. kr etter budsjettbehanding i Stortinget for 2018 og 2019.

1. januar 2019 overtok Kompetansesenter for distriktsutvikling (Distriktssenteret) forvaltinga av Merkur-programmet. Koplinga mellom Distriktssenteret og Merkur betyr eit fagleg sterkare verkemiddel der butikken sin rolle som lokal samfunnsutviklar, i samarbeid med kommunen, vil bli løfta fram.

Fakta om Merkur-programmet

  • Merkur-programmet er Kommunal- og moderniseringsdepartementets program for å utvikle og styrke butikkar i distrikts-Norge. Programmet vart frå 1.1.2019 ein del av Distriktssenteret

  • Målet er å sikre folk i distriktet tilgang til ein nærliggande daglegvarebutikk og bokhandel med god kvalitet.

  • Merkur har 10 konsulentar som gir kjøpmenn opplæring og rådgjeving.

  • Merkur arbeider for at butikkane skal få tilleggstenester som aukar lønsemda og gir innbyggarane i lokalsamfunnet betre tenester.

  • Merkur gir økonomisk støtte til viktige investeringar knytt til daglegvarebutikk og drivstoff-anlegg. Budsjettramma for 2019 er på knapt 60 millionar kroner.