Fleire nærbutikkar kan få Merkur-støtte

70 fleire nærbutikkar kan søkje om økonomisk støtte gjennom Merkur-programmet. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har justert på regelverket slik at fleire små butikkar kan få servicestøtte og fleire litt større butikkar kan få investeringsstøtte.

Kvinne portrett

FLEKSIBELT: Kommunalminister Monica Mæland opnar for eit meir fleksibelt regelverk når det gjeld støtte frå Merkur-programmet.

- Dette er i oppmjuking av regelverket, med fleksible løysingar, som eg håper kan gjere nærbutikkane betre rusta, seier kommunalminister Monica Mæland til avisa Nationen.

LES: Her er endringane i regelverket for 2019

Merkur-forskrifta som definerer kva for butikkar som kan få støtte gjennom Merkur, er endra på fleire punkt etter forslag frå Merkur-styret og Distriktssenteret. Forandringane betyr at minst 70 fleire butikkar no kan søkje om tilskot.

Her er nye reglar:

  • 25-30 nye butikkar kan søkje om servicestøtte. Øvre grensa for årsomsetning blir heva frå 3 til  4 mill. kr.

  • 35-40 nye butikkar kan søkje om investeringsstøtte. Øvre grense for årsomsetning blir heva frå 10 til 13 mill. kr.

  • Maksimalt støttebeløp for investeringsstøtte til butikk blir auka frå 400.000 til 600.000 kr

  • Maksimalt støttebeløp for investeringsstøtte til drivstoffanlegg blir auka frå 500.000 til 600.000 kr

  • Ladestasjonar for elbilar blir omfatta av ordninga med støtte til drivstoffanlegg

  • Butikkar med inntil 8 mill. kr i omsetning kan få 75 prosent investeringsstøtte. Tidlegare var 7 mill. kr øvre grense for høg støttesats. Butikkar med 8-13 mill. kr i omsetning, kan få 50 prosent støtte.

Bruk av skjønn

Hovudregelen skal framleis vere at ein butikk må ha 10 km avstand til neste butikk for å kunne få investeringsstøtte. Butikkar som har under 10 km avstand til neste butikk, kan ikkje rekne med å få Merkur-støtte. Men departementet ser at ei absolutt grense på 10 km har slått uheldig ut i enkelte tilfelle. Derfor får Merkur no høve til å bruke skjøn og gjere særskilte vurderingar for butikkar som har mellom 5 og 10 km avstand til nærmaste alternative innkjøpsstad.

Faktorar som kan blir vektlagt i den særskilte vurderinga, er mellom anna «vegens standard, spesielle lokale geografiske tilhøve, topografiske tilhøve som skil ulike lokalsamfunn, transportløysingar med meir."

- Bakgrunnen for at vi no opnar for skjønn, er at Merkur-styret melde til oss at der er tilfelle kor det hadde vore riktig å gi støtte, men at dei ikkje kunne gjere det på grunn av den bastante avstandsgrensa. No har vi endra det, så styret kan gjere konkrete vurderingar, basert på lokale forhold, som for eksempel vegstandard eller topografi, seier statsråd Monica Mæland til Nationen.

Meir pengar

Dei to siste åra har Stortinget løyvd 20 mill. kr ekstra til Merkur. Dette er hovudgrunnen for at det no blir gjort endringar i Merkur-forskrifta. Målsettinga er å få betre samsvar mellom regelverk og økonomisk ramme.  

– Merkur-støtta er veldig viktig. Det handlar om å oppretthalde lokale butikkar i distrikta, og dei er mykje vanskelegare å drive enn butikkar i byane, fordi kundegrunnlaget er lite. Det gjer det vanskelegare å utvikle butikken og investere i den, fordi innteninga er mindre. Men å modernisere er kjempeviktig, også for distriktsbutikkane, for dei konkurrerer med både netthandel og butikkar i meir sentrale strøk. Kundane vil handle best kvalitet og mest muleg moderne, som alle andre, seier Monica Mæland.

OVERSIKT: Her er Merkurs støtteordningar, revidert august 2019

MERKUR-FORSKRIFTA: Fullstendig oversikt over regelverket for støtteordningane (Lovdata)