Lisa lokkar turistkundar med eigen app

Korleis skal små øybutikkar få fleire kundar i sommarsesongen? Kjøpmann Lisa Myklebust på Svanøya har utvikla sin eigen app med informasjon om turisttilbod og overnatting så vel som butikktilbod og opningstider.

Kvinne viser fram ein mobil

MOBILAPP: Lisa Myklebust viser stolt fram appen ho har laga for øybutikkane i Flora.

«Havlandet» har blitt ein lokal reiselivsapp for øyane i Flora-bassenget i Sogn og Fjordane. Her kan du finne informasjon om kva tilbod som finst på både Svanøy, Askrova, Reksta, Fanøy og Stavang.

Lisa Myklebust tenkte først at ho skulle lage ein mobilapp om Svanøy, der ho sjølv driv Nærbutikken Svanøy. Men ho fann snart ut at det ville vere meir attraktivt for brukarane om ho laga ein felles app for alle øybutikkane i Flora kommune.

For turistane

- Denne appen er først og fremst tiltenkt turistar, slik at dei enkelt skal kunne finne fram til alt dei treng å vite når dei fartar rundt i området. Målsettinga er å få fleire folk til øyane og få større handel, seier Lisa Myklebust.

Øyriket rundt Florø by er attraktivt for småbåttrafikk. Alle butikkane som deltar i app-prosjektet, har gjestebrygge slik at dei kan ta imot kundar sjøvegen.

Mobilappen gir variert informasjon om dei ulike øyane. Her kan du finne opplysningar om attraksjonar, faste arrangement, overnatting, turløyper, lokale produkt og liknande -  i tillegg til butikktilbod.

På fritida

Lisa Myklebust har laga «Havlandet» på fritida, ved hjelp av xx som er eit forholdsvis enkelt program med ferdige malar for å lage appar. Ho har tidlegare studert grafisk design, noko som er ein stor fordel når du ønskjer å lage ein mobilapplikasjon.

- Den største utfordringa var å få inn informasjon og bilde frå dei andre øyene, fortalde ho til Merkur-styret då dei var på studietur til Svanøya på forsommaren.

«Havlandet» ligg no tilgjengeleg for nedlasting på Google Play for alle som har andrik-telefon. Lise håper på at appen blir tilgjengeleg på Appstore i løpet av hausten, slik at Iphone-brukarane også kan laste den ned.

Sykkel og kajakk

Butikken på Svanøya deltar i Merkur-prosjektet «Kommunen og nærbutikken» og har gjennom godt samarbeid med Flora kommune fått status som kommunalt servicepunkt.

Mann og kvinne i butikk

SATSAR: Ole Svanøe (t.v.) har overlate butikken til Lisa Myklebust, som satsar vidare på ut utvikle butikken som sosial møteplass.

Både «gamlekjøpmann» Ole Svanøe og Lisa Myklebust er opptatt av å utvikle nærbutikken som sosial møteplass. Butikken har bygt ut ein pub, der det er quiz ein gong for månaden. Butikken har hatt sykkelutleige i fleire år og vil no også starte med utleige av kajakk.

- Tilleggstenestene er heilt avgjerande når du har ein liten butikk, seier Ole Svanøe og Lisa Myklebust.