Årets butikk på Sørvestlandet

Nærbutikken Nesflaten i Suldal er Årets nærbutikk på Sørvestlandet. Kjøpmann Kjersti Eikemo Tveit har drive butikken i fire år, og ho opplever i dag eit sal som er langt større enn talet på innbyggjarar skulle tilseie.

Nærbutikken Nesflaten, Årets Merkur-butikk sørvest 2017 Red.jpg

VINNAR: Dagleg leiar Kjersti Eikemo Tveit (i midten) på Nesflaten tok imot nærbutikk-prisen saman med medarbeidar Ingeborg Kårstad (t.v.). T.h. dagleg leiar Helge Schei i Merkur. Foto: Christian Dietrichson, Dagligvarehandelen

Prisen for årets Merkur-butikk for Rogaland og Sunhordland vart utdelt av dagleg leiar Helge Schei på ei samling for nærbutikk-kjøpmenn på Sand i Suldal.

Var utan butikk

Bygda ved Suldalsvatnet i Rogaland var utan butikk i nesten to år før dagens butikk kom i drift. Folk måtte reise 30 km for å få tak i daglegvarer. Men det gjekk ikkje lang tid før bygdefolket tok initiativ til å etablere ei ny, folkeeigd butikk. Dei fleste av dei 60 husstandane i bygda er no medeigarar i butikken.

- Butikken på Nesflaten har vore god til å utnytte lokale moglegheiter. Butikken blir brukt som eksempel på korleis ein god nærbutikk skal drivast, både lokalt og nasjonalt. Dei siste åra har butikken hatt eit omsetningsnivå  på to millionar kroner over det kjeda meinte var omsetningspotensialet i bygda, blir det sagt i grunngjevinga for prisen.

Ei aktiv bygd

Nesflaten er ei aktiv bygd, med skule og stor dugnadsvilje. Folk er veldig villige til å vere med på det som skjer. Butikken er opptatt av å yte god service.

Mange butikkar i distrikta satsar på sal av lokalprodusert mat, som ein supplement til dei vanlege daglegvarene som kjeda tilbyr. Nærbutikken Nesflaten ved Suldalsvatnet i Rogaland er ein av butikkane som gjerne vil samarbeide med lokale leverandørar og produsentar.

Merkur-programmet har fått laga ein film om butikken på Nesflaten og korleis dei samarbeider med lokalmatprodusentar.

SJÅ FILMEN: Butikken er viktig for sal av lokalmat

Lokalt samarbeid

Kjersti Eikemo Tveit hadde inga butikkerfaring då ho starta som kjøpmann for fem år sidan. Ho er utdanna lærar og er sauebonde på si.

- Det som gjer at det går så godt med butikken, er at det er ei levande bygd, og butikken er ein del av det, seier kjøpmann Kjersti Eikemo Tveit i filmen.

Butikken samarbeider også med det lokale hotellet. Hotellet og butikken har gjensidig nytte av kvarandre

- Kundane er flinke til å bruke butikken; dei er lojale. Då blir det jobben vår å utvikle vareutvalet i lag med kundane, seier Kjersti Eikemo Tveit, dagleg leiar ved Nærbutikken Nesflaten i filmen.

LES MEIR: Butikken er viktig for sal av lokalmat