Aktuelt
Folkeleg engasjement gav bygda butikk

Dei var utan butikk i to år. Denne veka kunne ordføraren klippe snora for ein ny og moderne matbutikk, etter at bygdefolket hadde samla inn over to millionar kroner i aksjekapital. Bygda Fister i Rogaland plasserer seg i landstoppen det gjelder folkeleg engasjement for lokalbutikken.

Aktuelt
Suldal kommune handlar lokalt

Suldal kommune i Rogaland har signert avtale med fem nærbutikkar om offentlege innkjøp til skular og barnehagar. Kommunen har valt å handle lokalt i staden for å satse på ein interkommunal innkjøpsavtale, som legg til rette for leveransar frå store grossistar. – Vi har lagt vekt på nærleik til butikken og service, seier økonomirådgivar Ronny Mehus Rugland i Suldal kommune.

Untitled-2.png

Få råd og hjelp

Merkur-programmet er eit utviklingsprogram for butikkar i distrikts-Norge. Målet er å sikre folk i distrikta tilgang til ein nærbutikk og bokhandel av god kvalitet. Merkur tilbyr opplæring og rådgiving og arbeider for at butikkane skal få tilleggstenester som aukar lønsemda og gir innbyggarane i lokalsamfunnet betre tenester. Programmet er eigd av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Untitled-2.png

Søk om støtte

Merkur-programmet forvaltar fem støtteordningar for distriktsbutikkar på vegne av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.  Butikkane kan få investeringsstøtte til nødvendig oppgradering av butikken, pluss utviklingsstøtte eller servicestøtte. Butikkane kan også få investeringsstøtte til drivstoffanlegg. Bokhandlane kan få utviklingsstøtte.


Finn din Merkur-konsulent